Vatnet er relativt lite i utstrekning, området på nordsida av vatnet er ofte utsett for steinsprang. Langs vatnet på nordsida passerer ein "Illstigen" som er omtalt i ÅST sine tur-ruter. Eit lite "knep" må passerast der hammaren stuper loddrett i vatnet. Det er utført sikringsarbeid og stien er godt tilrettelagt ved passasjen. Fisken i Illstigvatnet har vore av særs fin kvalitet. Forrige utsetting av fisk i 1994, det vart på nytt sett ut fisk i Illstigvatnet i august 2012.
Kortvatnet 1033 moh ligg på ruta mellom Tjønne og Vakkerstøylen