Skogevatnet er ein fin stad der ein kan fiske både frå land og frå båt. I tillegg er her tilrettelagt HC-brygge og moglegheiter for lunsj og grilling på brygga.
Det er god parkeringsplass ved gamle Almestadkiosken, alternativt i grushola ved hovedvegen.
Oppmodar alle til å nytte redningsvest når ein nyttar båten og at ein snur båten med kjølen opp når ein er ferdig. Åreringar og årer ligg ved båten.
Båten ligg godt skjult der den er no, men vi jobbar med å få lagt den ein plass med betre tilkomst samt få laga til ei oppbevaringsmoglegheit der vi kan ha utstyr og redningsvestar som alle medlemmar kan nytte.
Ta kontakt med Herøy og Sande JFF dersom det er ønskeleg å låne elmotor til båten då denne er oppbevart på klubbhuset.
Skitt fiske!
Det er meldt om ørret i gode størrelsar i vatnet, men denne må ein nok litt ut på djupna for å få tak i.
Hold god avstand til hovedvegen dersom du må gå langs denne, pass godt på dei små. Fram til båten er der ei lita rås, men ellers ulendt terreng.